Kvemmingen spel og dansarlag vil med dette by inn til Vestlandskappleik i Øystese, 10.-11. oktober. Kappleiksarena vert på Kunsthuset Kabuso og kappleikshotell med kveldsdans og runddanstevlingar vert på Hardangerfjord hotell.

Påmelding kan gjerast her.

Kappleiken blir halden i samsvar med vedtektene for Vestlandskappleiken slik dei vart endra i 2023. Det er såleis junior/seniorklassar, og i spelklassane kan nyttast både runddans og bygdedansslåttar.

Vil du vere med som publikum og/eller dansande er det ingen påmelding. Då er prisen som følgjer:

Vaksen: Berre fredag 10. okt 250 kr , Berre laurdag 11.oktober 250 kr.,Heile helga 400 kr.

Ungdom 12-18 år: Berre fredag 10. okt 100 kr, Berre laurdag 11. okt 100 kr, Begge dagar 200 kr

Born under 12 år: Gratis

 

Klikk deg rundt på fanene over for å sjå meir info om program, overnatting, dansespel og frivilligheit mm!

 

Kontakt: epost kvemmingen@gmail.com tlf. 90844662