Du kan melde deg på ved å trykke på lenkja her: tevling.folkorg.no
Merk at du må vere medlem i FolkOrg for å delta. Logg deg på din brukar i FolkOrg, trykk Vestlandskappleiken og fyll ut skjema for å melde deg og/eller laget/gruppa/partneren din på.
Deltakarpris:
Senior 300 kr pr. pers (solo og par)
Junior 150 kr pr. pers uansett klasse
Senior i lag/gruppe 150 kr pr. pers
Vedtektene for Vestlandskappleiken vart endra i 2023, og det er no junior/senior inndeling i staden for ABCD klassar. Open klasse har ikkje senior/junior-inndeling.
Det er vidare opna opp for og å bruka runddansslåttar i spelklassane .
I gruppespel er krava 2-4 instrument. Det må ikkje vere minst 2 berande instrument, altså melodiinstrument. Óg her kan ein ein spele ein runddansslått og ein bygdedansslått på same startnummer om ein vil, eller to av same danseform.
Innafor kvar tevlingsgrein (fele/hardingfele, durspel, gruppespel, lagspel) er det maks. 2 startnummer pr.solist, gruppe eller lag.
I lagdans junior er kravet for deltakarar minst 3 par, medan i senior er kravet 5 par.
Elles visar vi til tevlingsreglementet til FolkOrg som ein kan laste ned her: https://www.folkorg.no/oppdateringar-i-tevlingsreglementet-for-landskappleiken-og- landsfestivalen-i-gammaldansmusikk-2024.6701412-607397.html
Har de spørsmål om tevlinga, så send gjerne ein epost til Hordaland folkemusikklag ( hordalandfolkemusikklag@gmail.com) eller til arrangøren Kvemmingen spel- og dansarlag (kvemmingen@gmail.com)
Vil du vere med som publikum og/eller dansande er prisen som følgjer:
Vaksen:
Berre fredag 10. okt 250 kr
Berre laurdag 11.oktober 250 kr.
Heile helga 400 kr.
Ungdom 12-18 år:
Berre fredag 10. okt 100 kr
Berre laurdag 11. okt 100 kr
Begge dagar 200 kr
Born under 12 år: Gratis
Tevlingsklassar: