Kvemmingen spel og dansarlag arrangerer Vestlandskappleiken 2025 i Øystese laurdag 11. oktober. I samband med det vert det sjølvsagt også SJOKOLADEKAPPLEIK!

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med song, spel eller dans, som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får sjølvsagt ein søt og velsmakande premie. Sjokoladekappleiken er eit fint høve til å trene seg i å opptre. Mønstringa er tenkt for dei under 12 år.
Dei over 12 år kan få delta på den ordinære kappleiken i juniorklassen.

Påmelding til Arngunn Timenes Bell (arngunn@bellberge.no) innan onsdag 8. oktober kl 20:00 (Samla påmelding via kulturskulelærar / spelemannslag er å føretrekke).