Sudan Dudan duoen med Anders Erik Røine og Marit Karlberg, har eit trufast publikum i folkemusikkmiljøet og langt utover det. Dei står fjellstøtt i tradisjonsmusikken gjennom song, langeleik, fele og munnharpe, men finn også inspirasjon i både country, bluegras, ørkenblues og salmesong. Sudan Dudan har eksistert som duo sidan tidleg på 2000 og er kjende for sitt nedstrippa og råe lydbilete. Gode tekstar, tette harmoniar og spenstig improvisasjon.
"De har jo lagt lista, vil jeg si. Det er ingen som er bedre enn dem. Det er det bare ikke. " (Tuva Syvertsen, om Sudan Dudan)
Duoen har gjeve ut fire plater. Den siste, Heimen der ute, kom etter i 2018 – og vart omtalt slik i Folkemusikk: «Det finnes en rekke gode duoer her i verden. De beste av dem skaper en ny stemme ut fra to eksisterende, og ofte også noe ganske nytt fra etablerte formler. Det har også Sudan Dudan gjort.»
Du finn meir om Sudan Dudan her:
Heimeside: http://sudandudan.no/
Kvelden startar med eit krasjkurs i sunnfjordspringar kl.18.00–19.00. Instruktør er Arild Herstad. Kurset er gratis og ope for alle. Deretter blir det konsert med Sudan Dudan kl. 19.00–20.00 i eit roleg og sitjande format, der du kan lytte og ta inn musikken i fred og ro.
Det vert sal av forfriskingar og publikum får høve til å sjå utstillinga i 2.etasje.

Dei kjem òg andre stader på Vestlandet. Sjå oversikta her:
Tysdag 14. oktober kl. 18- Svelgen kapell, Svelgen
Onsdag 15. oktober kl. 20 – Ungdomshuset Fjellvarden, Fjelli, Stryn
Etter konserten vert det ei kort danseøkt til musikk av Volda sitt spelemannslag Øyrafolk under Jorun Marie Kvernberg si leiing.
Torsdag 16. oktober kl 19 – Samvirkelaget, Dale
Fredag 17. oktober - Strandebarm
Laurdag 18. oktober – Vardegard konsertscene, Holsnøy
Hjarteleg velkomne!