
Tre dagar med folkemusikk og folkedans for born og unge
Etter tre kjekke dagar på Sunnfjord folkehøgskule er no det fjerde UngLåt-kurset historie. Her kan du lese om korleis det gjekk!
Etter tre kjekke dagar på Sunnfjord folkehøgskule er no det fjerde UngLåt-kurset historie. Her kan du lese om korleis det gjekk!
Sogn og Fjordane folkemusikklag mottok mykje midlar til TØFT 2024, difor vart det beslutta å lyse ut arrangementsstilskot til ulike TØFT-tiltak til lokallag og andre folkemusikkaktørar i Sogn og Fjordane. Sjølv om det var kort frist til søking og gjennomføring gjorde utlysinga at det vart kom inn 6 søknadar. Prosjekta i søknadane var gode, noko som førte til at alle søkarane fekk tilskot. Les meir om desse prosjekta her.
Gaular spelemannslag mottok GNIST-prisen 2024 som vart delt ut på Landskappleiken på Gol i helga. Vi gratulerar så mykje med vel fortjent pris.
Sogn og Fjordane folkemusikklag ynskjer alle hjerteleg velkomne til Vestlandskappleiken 4. og 5. oktober på Skei hotell, altså Thon Hotell Jølster.
Søk om å bli med på FolkLeiarUng – prosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-23 år. Søknadsfristen er 9. august. Klikk her for å lese meir og søke!
Hardingfela.no søkjer no fagkonsulent i folkedans. Er dette noko som kan vere aktuelt for deg eller nokon du kjenner?
13.-16. juni blir det Pederhusveke. Det er den 5. sidan huset vart opna i 2019. Årets artistar er Stein Torleif Bjella, Oddny, Sudan Dudan, Halvor Folgero, Berit Opheim & Sigbjørn Apeland, Frank Rolland, Sigrid Moldestad, Bjørn Ravnestad & dei pårørande, Svein Nesje. Ove Eide m. fl. I tillegg vert det dans, samtalar mm.
Styret vedtok i desember å vidareføre spelemannslaget som har vorte kalla Heimelaget, som deltok på Landsfestivalen i Førde i august. I år skal Heimelaget til Landsfestivalen på Vestnes!
Påmeldingsskjema til UngLåt er no stengt. Det var frist 27. mai, men om ein etterpåmelder seg kan det gå bra, men vi kan ikkje garantere overnattingsplass. Send ein epost til nikolai@folkemusikklaget.no om du vil etterpåmelde.
Det vert UngLåt i år òg. Denne gongen tysdag 2. juli - torsdag 4. juli. Det vert òg folkedanskurs i høve UngLåt 3. juli.
3. juli vert det folkedansekurs i gymssalen på Sunnfjord Folkehøgskule i høve UngLåt. Her er det ingen påmelding og kurset er gratis! Kurset er for dei mellom 8 og 19 år og varar i omlag halvannen time.
Gnist-prisen på kr. 15 000,- vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge. Nominer din kandidat innan fredag 24.mai!
Vestland fylkeskommune deler kvart år ut folkemusikkstipend. Dette skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og styrke og sikre arbeid med immateriell kulturarv. Søknadsfristen er 1. juni 2024. Det er eit stipend på 60.000 kr og to på kr. 25.000 kr for dei under 30 år.