


Tevlingsprogram på LK
Oppdatert tevlingsprogram og startlister er lagt ut på heimesida til Landskappleiken. I løpet av fem dagar skal 1350 deltakarar fordelt på 427 startnummer skal i aksjon under LK på Røros. Også mange frå vårt fylket. For oppdaterte nyhende frå LK2013 følg med på nettsida.

EGIL STORBEKKENS MUSIKKPRIS 2013
Fristen for å føreslå kandidatar til Egil Storbekkens musikkpris går ut 15. mai. Pris er for dei som har gjort ein særskilt innsats for folkemusikken og då spesielt dei eldre folkemusikkinstrumenta. Meir om prisen finn du her.

Sjokoladekappleik på LK
Dei som ikkje var gamle nok til å melde seg på i dei ordinære tevlingane under LK 2013 på Røros, kan delta på Sjokoladekappleik fredag 28. juni på Eldresenteret. For å melde deg på send ein epost til sjokolade@lk2013.no. Det vert også høve til å melde seg på hjå kappleikskontoret seinast torsdag.

KURS OG KONSERT MED FRØHOLM OG TILLUNG
Hornindal spelemannslag og Halkjelsvika spelemannslag inviterer helga 24.-25.mai til kurs og konsert med Britt Pernille Frøholm (fele) og Irene Tillung (trekkspel) på Låven i Hornindal.
INSTRUKTØRAR 2013
Mokurset 2013 byr på nokre av dei fremste aktørane innan norsk folkemusikk. Gå inn og les om årets instruktørar!

Naustedalen spelemannslag ein av dei nominerte!
Naustedalen spelemannslag er ein av dei nominerte til Årets lokallag 2013! Meir om Naustedalen og grunngjevinga for nominasjonen finn du her. Dei to andre laga som er nominerte er Hardanger Spelemannslag og Eiker spelemannslag.

Fylkeskappleiken 2013
Synnøve Bjørset (foto) vann spel fele/hardingfele klasse A på Fylkeskappleiken 2013. Med det sikra ho seg også vandrepremien i spel til odel og eige. I dans vann Leikny Aasen og Vidar Underseth A-klassa og tok sitt andre napp i vandrepremiane her. Kari Malmanger tok sitt første napp i vandrepremien i song.
Komplett resultatliste for Fylkeskappleiken Sogn og Fjordane 2013.pdf

PÅMELDINGSFRISTAR
Det nærmar seg påmeldingsfristane til Landskappleiken, Mokurset og Landsfestivalen!
PROGRAMMET ER KLART!
Årets Førdefestival nærmar seg og programmet er på plass. Tema i år er musikk og natur. I løpet av 4 dagar kan publikum velje mellom 100 arrangement på 30 arenaer med omlag 300 artistar. Alt om årets artistar finn du her.

Andrea Årøy vart "Årets smørbukk 2013"
Smørbukk-kappleiken vart i år arrangert på Skei samband med fylkeskappleiken i Sogn og Fjordane. I alt 59 rekruttar/nybyrjarar deltok. Det var stort spenn i innslaga frå solistar i både spel, dans og vokal til vokalgrupper med opp til 18 deltakarar i. Ein kort fotoserie med ein del av deltakarane er lagt ut. Den kjem til å bli oppdatert med fleire foto etterkvart.

LEIARSKIFTE I SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG
Antonia Karete Haugen Kongsvik frå Spelemannslaget Fjelljom vart vald til ny leiar i Sogn og Fjordane folkemusikklag under årsmøtet på Skei 3. mars.
Startlista til årets fylkeskappleik er klar!
Startlista til fylkeskappleik for Sogn og Fjordane 2013 er klar. I alt 55 startnummer skal i aksjon fredag og laurdag på Skei. I tillegg kjem Smørbukk-kappleiken for rekruttar/nybyrjarar. Nedanfor finn du startliste og oppdatert tidsskjema for årets kappleik.
startliste fylkeskappleiken på Skei 5.-6. april 2013 -oppdatert 3.4.2013.pdf
Program for fylkeskappleiken Skei 2013 -oppdatert 2.4.2013.pdf