Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Musikkutstyrsordningen logo 560x300

MUSIKKUTSTYRSORDNINGA

Musikkutstyrsordninga gjev tilskot til: Framføringsutstyr, øvingsutstyr, akustiske tiltak samt bygging og utbetring av øvingslokale og musikkbingar. Meir om ordninga og søknadsskjema her.

Gro Marie Svidal Foto Sigrid Winter

14 folkemusikarar og -dansarar vil representere norsk folketradisjon på den fellesnordiske festivalen og konferansen "Tradition for Tomorrow". på Island 20.-23. august. Sogn og Fjordane er representerte med landskappleikvinnar på hardingfele Gro Marie Svidal, folkesongar Unni Løvlid, trekkspelar Linda Gytri og hardingfelespelar Torunn Raftevold Rue i trioen Glima.

Sogn gammaldansfestival

SOGN GAMMALDANSFESTIVAL 2014

For 15. gong er det klart for Sogn gammaldansfestival i Gaupne. Om lag 20 gammaldansgrupper frå fjern og nær er venta til Gaupne for å bli med på ei helg med musikk, dans og mykje moro. Dei som ønskjer å vere med å spele, kan melde seg på fram til 8. august.

sigrid_moldestad_brevet_til_kjaerleiken 560x300

KONSERTAR MED SIGRID MOLDESTAD

Sigrid Moldestad med band turnerer denne veka i heimfylket. Onsdag 20. august kl. 2000 er det konsert i Aldaheim ungdomshus i Olden, Fuglesteg Fjellgard i Luster får besøk laurdag 23. august kl. 1700 medan Rognaldsvåg i Florø står på programmet søndag 24. august kl. 1300

Foto: Kjell Thue

SPELEMANNSFEST I HYEN

Laurdag 23. august kl. 2000 vert det spelemannsfest i Hyen. Arrangørar er Hyen spelemannslag og Hyen Ungdomslag. Her vert det godt program, god mat og dans ut i dei små timar. På programmet i år står blant anna duoen Fromseier Hockings frå Danmark, Snaustrinda spelemannslag, Naustedalen spelemannslag og sjølvsagt vertslaget Hyen spelmannslag.

Ine Nord. Foto: Jorma Airola

INSPIRASJONSKURS FOR KLARINETTISTAR

10. august vert det inspirasjonskurs for klarinettistar i Molde. Det vil bli fokusere på klarinetten som eit folkemusikkinstrument, både solo og i samspel. Instruktør på kurset vert Ine Nord frå Nordfjordeid. Arrangør er Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Påmelding innan 3. august.

Folkemusikklaget Havbrusen.Foto: Leif Vinsrygg 2012

KONSERT PÅ NEDRE TVEIT

Det vert konsert med Folkemusikklaget Havbrusen og songarane Henriette Hatlevoll og Ellen Marie Tveit på Nedre Tveit i Holmedal tysdag 5. august kl.1900. Arrangementet er ein del av Dalsfjordveka. Arrangørar er Folkeakademiet i Askvoll, Folkemusikklaget Havbrusen og Nedre Tveit.

MAAR.  Foto: Ingvild Skeie Ljones

KONSERT MED "MAAR" UNDER KULTURDAGANE

Det vert konsert med MAAR under kulturdagane i Hornindal laurdag 2. august kl.1500 i hotellhagen på Raftevolds hotel. Trioen Maar med Britt Pernille Frøholm, Irene Tillung og Ellen Brekken kom ut med debutplata "Vrangsvevd" tidlegare i år.

Det vert også høve til å treffe Honndalsmusikken som er ute med plata "Bryljaupsafta", på stand under kulturdagane.

røneid2014

ARVE BJØRN RØNEID TIL TOPPS I SOLO DURSPEL

Arve Bjørn Røneid frå Jostedal spel- og dansarlag gjekk heilt til topps i klassa for durspel senior på landsfestivalen. Det vart klart på resultata etter årets finalespel vart avslørt under meisterkonserten på søndag. Andreplassen i klassa gjekk til Rikke van Ommeren frå Oppdal spell- og dansarlag medan Øyvind Sandum frå Oppdal tok tredjeplassen.

Lystringen Foto Sogn og Fjordane Folkemusikklag

LYSTRINGEN TIL TOPPS I LAGDANS

For fyrste gong var det høve til å konkurrere i lagdans også på Landsfestivalen. Danselaget "Lystringen" frå Jostedal vart dermed historiske ved å bli den første klassevinnaren med sin reinlendar. På andreplass kom danselaget "Ogndalsvegen 141 m/venner" medan Spelemannslaget Fjelljom vart nummer tre.

Mokurset 2014. Foto: Einar Eimhjellen

MOKURSET 2014

Mokurset 2014 er i gong. 58 ungdommar og 10 instruktørar er samla til ei veke med kurs i spel på fele, hardingfele, trekkspel og toradar. I tillegg er kursleiinga og fleire frivillege i sving under kurset.

På kurset si facebookside ligg fleire foto frå sesongen.

Takk til våre sponsorar og støttespelarar: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førdefestivalen, KOMP, Rff, FolkOrg, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Tine Meieriet Byrkjelo og Lerum.

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG