I 2014 vart Ole og Solveig Noregsmeistrar i dans - med førsteplass både på Landsfestivalen (noko dei også fekk i 2013), og på Landskappleiken i dans fele klasse A. No kjem dei til oss og held dansekurs - meld deg på!
Første konsert på Førdefestivalen si FolkJazzScene våren 2016, er platesleppkonsert med Gro Marie Svidal. Deretter reiser ho vidare til Fjaler og speler konsert i Løa i Jakob Sande-tunet.
I februar inviterer John Oddvar Kandal inn til musikk- og dansehelg i Jølster, med to dansekveldar og eit dansekurs. Her får de invitasjon og nyttårs-helsing frå sjølvaste spelemannen frå Breim:
Sogn og Fjordane Folkemusikklag ønskjer framlegg på kandidatar til Folkemusikkprisen 2016. Folkemusikkprisen delast ut annan kvart år, og skal gå til enkeltpersonar, lag eller institusjonar som har gjort særleg mykje for folkemusikken i fylket vårt.
KOMP støtter kveldskurs, dagskurs, helgekurs, ukekurs og sommerkurs. Det gis primært støtte til innhenting av eksterne instruktører (honorar, reise, opphold), evt også særskilte kostnader til leie av seminarlokaler.
Til Anders Reed kom mange unge karar for å lære seg felespel. Det er sagt at dei var med og braut jord om dagane og fekk speleundervisning om kveldane. Laurdag får du høyre både slåttar og forteljingar frå Gamle-Reed sitt liv, når Spelemannslaget Fjelljom inviterer til Anders Reed-kveld i Utvik.