
Rekrutteringsstønad til lokallag
FolkOrg si stønadsordning til særskilde rekrutteringstiltak i spel- og dansarlag, har søknadsfrist 20. mai.
FolkOrg si stønadsordning til særskilde rekrutteringstiltak i spel- og dansarlag, har søknadsfrist 20. mai.
Britt Pernille Frøholm lanserer soloprosjektet "Poems for Hardanger Fiddle".
Jostedal spel- og dansarlag tilbyr munnspelkurs med instruktør Einar Eimhjellen 9.-10. juni.
Vi veit at det kvar einaste veke skjer mykje på folkemusikk- og dansefronten i fylket vårt. Derfor oppmodar vi alle som arrangerer konsertar, kurs, dansekveldar eller anna i folkemusikksjangeren om å leggje desse inn på kalendaren vår og gjer dei kjende via nettsida vår.
Årsmøtet 2017 i Sogn og Fjordane Folkemusikklag gjekk føre seg på Naustdal barne- og ungdomsskule.
Foto: FolkOrg v/Øyvind Sandum
Dei nominerte til årets lokallag er nå klare. Dei tre laga som er nominerte kjem frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Oppland. Prisen vert delt ut under Landsmøtet i FolkOrg siste helga i april.
Hjørdis Vatnehol (3 år), vart Årets Smørbukk. Ho er med i Krudlalaget frå Sogn Kulturskule og sjarmerte alle med songen "Eg er liten eg, men eg vågar meg"
Det er 348 deltakarar fordelt på 67 startnr. i over 22 klassar under årets Fylkeskappleik i Naustdal, 31. mars og 1. april. 107 av dei påmelde deltek i fleire klassar. Det vil seie at det er 241 ulike personar som reelt er påmelde. Sjå startlista her: STARTLISTE
Programslepp og konsert med Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad torsdag 23. mars på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa