Folkedanskurs med Tone Ingvaldsen 3. juli
3. juli vert det folkedansekurs i gymssalen på Sunnfjord Folkehøgskule i høve UngLåt. Her er det ingen påmelding og kurset er gratis! Kurset er for dei mellom 8 og 19 år og varar i omlag halvannen time.

Oppdatert 17. juni! Vi har endra litt på timeplanen i år, ved at det er litt ulik timeplan for dei frå 13 år og opp, i forhold til dei som er 12 år og ned. Du kan laste ned dei to ulike timeplanane ved å trykke på lenkja under. Merk at det kan førekome endringar!
Påmeldingsskjema til UngLåt er no stengt. Det var frist 27. mai, men om ein etterpåmelder seg kan det gå bra, men vi kan ikkje garantere overnattingsplass. Send ein epost til nikolai@folkemusikklaget.no om du vil etterpåmelde.
Det vert UngLåt i år òg. Denne gongen tysdag 2. juli - torsdag 4. juli. Det vert òg folkedanskurs i høve UngLåt 3. juli.