Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2023 er tildelt Andrea Antun Mikkelsen, født 2005, frå Osterøy. Prisen, som er på 15 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Gimle, Bergen, fredag 13. oktober.
I samarbeid med Ørsta Ungdomslag inviterer Noregs Ungdomslag til grunnleggande instruktørkurs i Ørsta helga 18.-19.november 2023. Instruktørkurset går over 12 timar laurdag og sundag.
Eid spelemannslag, Vindfylla Spelemannslag og Nordbygda spel og dansarlag ynskjer alle velkomne til Sogn og Fjordane-kappleiken 2024 5. - 7. april i Operhuset på Nordfjordeid.
I høve opningskonserten på Vestlandskappleiken 2023 fredag 13. oktober kl. 19 i Gimle, Kong Oscars gate 18 i Bergen, vert det ei konsertførestilling sett saman av Fordjupingsprosjekt i folkemusikk og folkedans, eit prosjekt med 19 ungdommar i alderen 13-19 år frå heile Vestland fylke.
I løpet av 2023 feirar vi folkemusikken og FolkOrg, og dette kulminerast med jubileumshelga vår i Bergen 13-15.oktober. Det blir konsertar og boklansering. Og som seg hør og bør skal ei folkemusikkhelg ha ein dansefest. Ein stor og gild dansefest!
Vi gler oss til den store jubileumshelga i Bergen 13. - 14. oktober!
Vi vonar det blir ei helg der folkemusikken og folkedansen verkeleg sett byen på hodet, og at folk frå heile landet strøymer til Bergen.